Dobla inntekter for Nyrstar Høyanger


I løpet av eit år har Nyrstar Høyanger dobla inntektene sine, frå 62,4 millionar kroner i 2016 til 123,2 millionar kroner i 2017.

I same periode auka overskotet frå 3,3 til 3,5millionar kroner.

– Fabrikken vår i Høyanger opererer etter ein tollavgiftsmodell, som betyr at ein fast prosentdel av inntektene alltid er garantert når fabrikken når produksjonsmåla sine. I 2017 gjekk både produksjonsvolum og tilhøyrende kostnadar opp i høve til 2016, noko som også betyr at tollavgifta, eller inntektene, er høgare. Imidlertid forblir totalresultatet meir eller mindre det same, sidan tollavgifta er relatert til kostnadane, seier fabrikksjef Rene van Kleef hos Nyrstar Høyanger til Ytre Sogn.

Elles trekk han også fram gode sinkprisar som medverkande til inntektsauken.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!