Dette er nye kommunedirektøren i Hyllestad

Martin Lundgård er den nye kommunedirektøren i Hyllestad. Det vart offentleggjort på kommunestyremøte torsdag ettermiddag.


– Eg gler meg veldig til å begynne, seier Lundgård til Ytre Sogn.

Erfaring
Lundgård har vore kommunedirektør i Fjaler frå 2016 til 2018. Etter det meldte han overgang til IT–verksemda Avans i Dale. Siste tida har har han jobba som seniorrådgjevar i Lotteri– og stiftelsestilsynet.

Datoen for når han byrjar i nye jobben som kommunedirektør er endå ikkje spikra.

– Det blir etter sommarferien ein gong, seier Lundgård.

Flott kommune
– Hyllestad er ein flott kommune med mange positive ting, og dei har eit spennande næringsliv, seier Lundgård.

Han har ikkje tenkt å busetje seg i kommunen.

– Eg bur på Dale. Det er ikkje så langt til Hyllestad, så eg kjem til å pendle, seier Lundgård.

Ordførar Kjell Eide seier at det var 6 søkjarar til stillinga.