«Det er to stader eg tenkjer på som heime; Høyanger og Sandane»


Kjersti Wøien Håland er på eit kort besøk i heimbygda Høyanger. For når TV-serien ho har skrive manus til vert spelt inn på Sandane, berre eit par timars køyretur unna, er det oftare høve til å gjere det.

– Det er ein av bonusane med å jobbe med «Lovleg», seier Kjersti Wøien Håland og smiler.

Det er imidlertid mange år sidan ho flytta derifrå, for å gå på vidaregåande skule på Sandane, slik også hovudpersonen – Gunnhild frå Høyanger – gjer i første sesong av TV-serien som hadde premiere i fjor haust. No er dei i gong med innspelinga av sesong to, og no - som då - er det 30-åringen frå Høyanger som er forfattar.

– Vi er veldig glade for å få lage sesong to, seier ho. – «Lovleg» vart tidleg omtala som nye «Skam». Korleis var det? – Det vart på ein måte som å hoppe etter Wirkola. «Skam» vart jo ein kjempesuksess, og eg er sjølv veldig fan av serien. Så det var både moro og skummelt på ein gong å skulle lage ein ny ungdomsserie for NRK P3.

Samstundes føler ho at det vert feil å samanlikne dei to.

– Formatet er likt, ja. Begge er internettdrama der sjåarane får tilgang på det sosiale livet til karakterane. Det er også ungdom det handlar om, og som er målgruppa til begge seriane. Men innhaldet er ulikt. «Lovleg» er eit heilt anna univers, der vi møter ungdom på bygda som må flytte på hybel for å gå på skule, med utfordringane det inneber. Utan foreldre i nærleiken må dei lære å ta vare på seg sjølve - og kvarandre, seier ho.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!