Desse har søkt på kommunedirektørjobben i Hyllestad - ein av dei har allereie jobben

Fire har søkt på den ledige kommunedirektørstillinga i Hyllestad kommune.


Av dei fire søkjarane er det ein som har meir erfaring i rolla enn andre. Der finn du nemleg konstituert kommunedirektør Gjermund Flage. Den førre som fekk jobben som kommunedirektør var tidlegare helse- og sosialsjef Trine Engebø, men ho slutta før ho skulle tiltre.

Det var i den samanhengen Flage ymta frampå til Ytre Sogn om at han sjølv vurderte å søkje på jobben. Og no er han altså ein av fire som har lagt inn sitt kandidatur til sjefsstillinga i kommuneadministrasjonen.

Dei fire som har søkt er:

Brit Inger Skaar (56), Leirvik
Hilmar Ingi Jonsson (47), Asker
Kjetil Skjeie (59), Steinsland
Gjermund Flage (54), Sørbøvåg