Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. august 2019
Ytre Sogn 26. august 2019

Deltok i sitt 26 trappeløp

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 4. juni 2019

– Trappeløpet er eit veldig fint tiltak, og då bør vi stille opp og vere med, seier Ole «Ollis» Eide som laurdag deltok i løpet for 26. gong

Det er like mange gonger som Trappeløpet i Høyanger har vore arrangert, denne gong i samband med Høyangerdagane. På startstreken i årets trimklasse stilte 76 deltakarar i alle aldrar for å ta seg opp dei 1268 trappetrinnene til fjells, og den spreke 68-åringen – opphavleg er frå Høyanger – var ein av dei.
–Dei fleste gangane har eg gått åleine, men eg har også gått i lag med familien Gangeskar der vi har teke det som ein fin og roleg tur opp til toppen. Trappeløpet er eit veldig fint tiltak, og då bør vi stille opp og vere med når folk er så flinke å lage dette til, seier han.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn

I tillegg til Trappeløpet var det også mykje anna spennande å vere med på under Høyangerdagane i helga. Her er bilete frå noko av det som skjedde både i og rundt sentrum.

 

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord