Lokale nyhende frå Ytre Sogn 7. august 2020
Ytre Sogn 7. august 2020

Bjørn Roar Larsen har drive med oppdrett i over 20 år og har mange premiar frå Shetland. No håpar han på eit større ponni-miljø Norge og.

Vil lage norges største ponnishow

Journalist: Cecilie Skogheim | Publisert: 23. juli 2020

Bjørn Roar Larsen (56) og Tore Skarpnor (54) driv med shetlandsponni-oppdrett i Hyllestad.

Dei har dei siste 9 åra budd på Shetland saman med 107 ponniar og drive med oppdrett. No vil dei gjere ponni miljøet større i Norge.
Sambuaren hans Tore, var ikkje til stades når avisa kom på besøk.

Sakna Norge

At paret enda opp i Hyllestad var heilt tilfeldig.
– Vi kjøpte eit gardsbruk som vi fann på gardsbruk.no. Eg visste ikkje kvar Hyllestad var ein gong då vi kjøpte det. Vi ville berre ha ein gard med mykje mark, fortel Larsen.
Dei har no budd i Hyllestad i litt over eit halvt år, og er lukkelege for at dei kan fortsette med hobbyen sin dei er så lidenskapeleg oppteken av.
– Det er veldig øde og vakker her. Vi trivest godt, smiler Larsen. På garden har dei 33 ponniar og 2 islandshestar som dei har teke med frå Shetland.
– Dei er gode beitepussarar. Kulturlandskapet vert heldt ved like. Ein hadde faktisk ikkje kjent seg att om ein såg korleis det såg ut her før, seier Larsen.

Ponniane har funne seg godt til rette på garden.

Turisme

Etterkvart som paret har fått alt på stell på garden, vil dei begynne å ta i mot turistar.
– Det blir litt fram i tid, men vi ser føre oss at folk kan komme å sjå på hestane. Så er eg jo utdanna rideinstruktør, så eg håpar at det vil vere eit behov for det her også. Garden blir litt som ein turistattraksjon, seier han.
No vil dei satse i heimlandet og dei vil prøve å få det norske folk hekta på hest.
– 5. september blir det “The Hyllestad Shetland Pony Show” på Birkeland camping. Målet er sjølvsagt å få til Norges største pony show. Eg forventa minst 40 påmeldte. Så blir det fest på kvelden med premieutdeling. Akkuratt som på Shetland, smiler Larsen.

Tinka og mora. Tinka skal dei behalde på garden i Hyllestad. Nokon av dei andre føla skal heilt til Tyskland.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord