Etter at Høyang sitt damelag gjekk på ein smell i bortekampen mot Balestrand og tapte 1-3. Vart måndagens oppgjer ein tett og jamn kamp mellom laga, men denne gangen var det Høyang som gjekk av med sigeren.

Damelaget til Høyang tilbake på tabelltoppen

Måndag tok Høyang sitt damelag imot Balestrand på Sletta, og etter eit surt 1-3 tap borte mot Balestrand i førre kamp var det der tid for revansj.


Oppgjeret måndag vart ein tett og jamn kamp mellom laga, men denne gangen var det Høyang som gjekk av med sigeren.

Jamn og tettspelt
Etter ein tettspelt første omgang, der Høyang møtte eit godt organisert Balestrand, tok Høyang meir føringa i andre omgang og hadde god kontroll på bortelaget. Spesielt dei siste 20 minuttane av kampen styrte Høyang spelet.  

Da det var spelt 72 minuttar av kampen fekk Høyang endeleg ballen i nettmaskene til Balestrand. Det kom etter at Høyang kom seg fram på kanten og på eit fint innlegg som treff kaptein Malin Fjæren. Ho gjer ingen feil og set ballen trygt i mål, og sendar med det Høyang i føringa med 1-0. Etter dette styrer Høyang kampen og vinn til slutt fortent 1-0 over Balestrand.

Første kamp på grasbana
– Dette var vår første heimekamp på grasbana på Sletta, og det er noko heilt anna å spele der enn å spele på kunstgrasbana. Vi var godt førebudd og vi visste at det var eit godt lag frå Balestrand vi skulle møte i dag. Vi tapte 1-3 i bortekampen og var veldig klare for å ta revansj, og som forventa fekk vi sterk motstand og første omgang vart jamnspelt der ingen av laga fekk utteljing på målsjansane sine. Men vi tok meir over spelet i andre omgang, og etter skåringa hadde vi god kontroll på kampen, fortel kaptein Fjæren. 

Hovudtrenar Kjell Erik Olsen oppsummerte kampen slik:

– Det var ein svært jamn og god kamp av begge lag. Vi hadde nok fleire sjansar enn dei, og på bakgrunn av det er nok sigeren fortent. Balestrand var kanskje best i første omgang der dei vant ein del duellar, hadde ballen meir enn oss, og hadde eit skot i stanga. Vi hadde eit skot frå Guro Sagen Knudsen som keeper gjorde ein god redning på, men utanom det vart det mykje nesten for oss i første omgang, fortel Olsen. 

Høyang sin kaptein Malin Fjæren vart dagen einaste målskårar og sikra sigeren med ei flott skåring i det 72 minutt av kampen.

Andre omgang
– I andre omgang tok vi litt meir over etter at vi endra litt på mannskapet, og fekk da meir tak i duellane og hadde ballen meir. Vi skapte fleire gode sjansar etter godt spel, og det var fullt fortent da Malin Fjæren sette inn vinnarmålet etter godt forarbeid av Tiril Aaland Engen.

Tabelltopp  
Med måndagens siger over Balestrand er Høyang sitt damelag no tilbake på tabelltoppen, og det med ein mindre kamp spelt enn Hyllestad som ligg på andreplass.