Cruiseskip i januar


Det første cruiseskipet inn Sognefjorden vart observert måndag denne veka, som er rekordtidleg.

Det var «Viking Star» som kom på besøk, sjølv om ingen av hamnene har skipet registrert for anløp. Ifølgje Erling Berge, vaktmann ved hamna i Vik, kom skipet inn mot Vik, vende om og sigla vidare ut mot Vangsnes, over til Hella og ut forbi Balestrand. Deretter tok det vegen ut att langs sørsida av fjorden.

«Viking Star» er 227 meter langt, har ein bruttotonnasje på 47 842, og har kapasitet til 930 passasjerar, og eit mannskap på 602. Det er eigd av det norsk-amerikanske cruisereiarlaget Viking Ocean Cruises. Skipet vart døypt av tidlegare Bergen-ordførar Trude Drevland i mai 2015.