Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. august 2019
Ytre Sogn 26. august 2019

Brenning av tradisjonskalk til Selja kloster

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 2. juli 2019

Om lag to tonn marmor vart i førre veke brent i kalkomnen i Kvernsteinsparken i Hyllestad før den vart frakta vidare på tradisjonelt vis med Bakkejekta, til restaurering på Selja kloster.

Frå klokka 12 onsdag føremiddag var det storbrenning i den restaurerte omnen i Kvernsteinsparken dag og natt fram til laurdag, til resutaureringa av Sunnivakyrkja på øya Selja.
– Kalkomnen som er bygd i stein hadde si første brenning sommaren 2017, men vart øydelagt og måtte restaurerast. Sjølv om vi fekk støtte av Riksantikvaren så var det veldig mykje dugnad frå bygdefolket som måtte til,. Det vart lagt ned rundt 6000 arbeidstimar. Til å ferdigstille arbeidet som var ferdig i september 2018 fekk vi med oss nokon av dei beste murarane i landet som driv med kalk og restaureringsarbeid, seier fagleiar Per Storemyr.

I samband med arrangementet Kalknetter var eit nasjonalt knippe av fagfolk med både praktisk og teoretisk erfaring med tradisjonskalk og anna handverk i førre veke veke samla i Kvernsteinsparken i Hyllestad.

Les meir om saka i siste utgåve av Ytre Sogn!

For å få minst askeavfall i kalkomnen blir det fyrt med tørr furuved
Med pinnar av tresorten pil laga restaureringsteknikar George Murphy frå Arkeologisk museum UiS (t.v) en støtte til det som skal bli til ein kalkskulptur. Her saman med Per Storemyr.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord