Breiband turnerte Tyskland


Foran over 1000 konsertgjengarar i legendariske Linde Affalter framførte Breiband ein solid dose energisk rock.

Breiband frå Høyanger sørside er eit av dei nyaste tilskota i bandfloraen i Høyanger kommune, og i helga gjennomførte dei sin første miniturne i det store utlandet.

Jobben som oppvarmingsband for ei helg på den legendariske uteplassen Linde Affalter i Søraust-Tyskland vart det store høgdepunktet, der Breiband spelte før rock- og bluesnestoren Mitch Ryder i tillegg til Dire Straits coverbandet Brothers in Arms. Breiband har alltid hatt eit internasjonalt tilsnitt med medlemmer frå tre ulike land, og frontfigur og vokalist Hannah Eleanor Hewitt frå England er godt nøgd med den første turen nedover kontinentet.

- Vi er eit relativt ferskt og uerfarent band, så for oss er slike moglegheiter til å spele foran eit såpass stort og kresent tysk publikum gull verdt.
Miniturneen kom i stand som eit resultat av nettverket til Breibands faste lydmann Thomas Müller, som også hadde ei karriere i Tyskland som profesjonell lydmann før han flytta til Norge for eit par år sidan.

Fekk god respons

- Vi fekk veldig god respons frå både publikum og konsertarrangørane, og fleire kom bort for å ta selfies og spørje oss ut om musikken vår etter konsertslutt. Det var truleg litt eksotisk med eit band frå Norge, og vi hadde fleire som trudde at vi arbeidde som profesjonelle musikarar her heime. Det heile var utruleg kjekt, og vi fekk utelukkande positive tilbakemeldingar.

No ventar kvardagen igjen for medlemmene i Breiband, men dei slår seg ikkje heilt til ro etter fullført turne.

- Vi kjem i tida framover til å satse meir på å skrive vår eigen musikk. Til no har Breiband vore eit coverband som har vore innom veldig mange forskjellige sjangrer og stiluttrykk, men no kjenner vi oss klare til å ta eit steg vidare og utvikle vår eigen musikalske retning.