Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. juli 2020
Ytre Sogn 4. juli 2020

Mats Systaddal (33) frå Hyllestad klar for nye utfordringar når han til hausten blir ny rektor i Fjaler og Hyllestad kulturskule

Ny kulturskulerektor i Hyllestad og Fjaler

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 19. mai 2020

Etter snart eit år som vikarierande rektor for Askvoll kulturskule er Mats Systaddal (33) klar for nye utfordringar når han til hausten blir ny rektor i Fjaler og Hyllestad kulturskule.

-Tida som vikarierande kulturskulerektor har vore veldig interessant og lærerik. Eg har fått lov til å vere med å utvikle kulturskulen i lag med dei tilsette og kommunen, og der vi saman har funne gode løysingar, seier Mats Systaddal, som er frå Hyllestad, til Ytre Sogn.

Han har lang erfaring innanfor kulturskulen etter å ha jobba som lærar, inspektør og prosjektleiar i ulike samanhengar sidan 2006. Det er også ei teneste han har eit brennande engasjement for.

Stort potensial
I tillegg til å gle seg over ny jobb i heimkommunen, er den unge kulturskulerektoren også svært nøgd med at kulturskulen har fått ein ny, flott tilhaldsstad i Hyllestadhallen.
-Det er ein heilt fantastisk hall som er eit utruleg løft for heile kommunen. Der har ein gode øvingslokale for musikk, samt gode rom til visuell kunst og dans. I tillegg har fleirbrukshallen stort potensial når det gjeld ulike kulturelle produksjonar, seier Systaddal.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn.

 

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord