Bli med på UKM!


- Ung Kultur Møtes (UKM) er for alle i alderen 13 – 20 år, så bli med var oppfordringa frå representantar i ungdommens ressursgruppe URG då dei besøkte Høyanger vidaregåande skule torsdag.

Sidan 2009 har ungdommens ressursgruppe URG jobba mot eit betre Ung Kultur Møtes (UKM) både lokalt, regionalt og nasjonalt. Gruppa har ein representant frå kvart fylke, der dei aktivt jobbar for å gjere UKM best mogeleg i sitt fylke.

Oddbjørn Litlabø framføra flott song under URG representantane sitt besøk hos Høyanger vidaregåande.

Kjekt å vere med

Saman med representant for Sogn og Fjordane Jenny Hatlelid Holsæter var Oddbjørn Litlabø frå Sogndal og Rakel Sørhaug frå Vågsøy på besøk hos Høyanger vidaregåande skule torsdag føremiddag. Alle tre har sjølv vore deltakarar under fleire tidlegare UKM mønstringar, i sjangerane kunst, foto og song. Eit arrangement dei tykkjer det har vore utruleg kjekt å vere med på.

Les meir om saka i Ytre Sogn tysdag!