Ba om lovlegkontroll av ordføraren –⁠ var for få

Hyllestad Senterparti ba om lovlegkontroll etter at Kjell Eide ikkje ville sette saka deira på saklista til kommunestyret. No har Statsforvaltaren avvist kravet.


Saka det dreier seg om stammar tilbake frå juni 2022, då Senterpartiet la fram forslag til sak med namn «Nei til vindkraft».

Saka gjekk ut på at Senterpartiet ville ha ei avstemming på om Hyllestad kommune skal vere imot vindkraft, men det ville ikkje ordføraren ha noko avstemming på.
Han meinte ei slik avstemming ville ha lite føre seg, og at slike standpunkt må ein ta i sak for sak. Han var og kritisk til å ta opp ei slik sak utan nokon form frå utgreiing frå administrasjonen, og sette dermed ikkje saka på saklista.

Klaga avvist
Dette meinte Morten Askvik og Karin Tonning Hatløy i Senterpartiet ikkje var riktig saksgang, og klaga i ettertid dette inn til Statsforvaltaren for det som heiter lovlegkontroll.

No har Statsforvaltaren avvist klaga frå Senterpartiet. Grunnlaget for avvisinga er at klagesaka som Senterpartiet sendte inn berre var underskrive av to personar. I kommunelova står det at det må tre eller fleire personar i kommunestyret til for å få ei sak opp til lovlegkontroll.

At klaga var signert på vegne av Senterpartiet var ikkje tilstrekkeleg, noko som og er presisert i kommunelova.

Statsforvaltaren opplyser at det ikkje er klagerett på denne avgjerda.