Asbjørn (34) vil hjelpe småbedrifter med utvikling


Asbjørn Dyrkorn Løland (34) har alltid hatt tankar om ein dag å flytte heim til Hyllestad, og kunne bidra til utvikling i kommunen.No er han i ferd med å gjere nettopp det.

I løpet av dei neste tre åra tek Asbjørn Dyrkorn Løland (34) og bedrifta han no er i gang med å byggje opp, Akvahub, mål av seg å ha mellom tre og fem tilsette.

– No har aktiviteten teke seg såpass opp at eg, som førebels einaste tilsette i Akvahub, ikkje klarer å ta unna alt åleine. Difor har vi no lyst ut ei stilling som prosjektmedarbeidar, som vil ha arbeidsplassen sin her i Leirvik, saman med meg. Og vi har fått bra med søkjarar allereie, kan Asbjørn Dyrkorn Løland fortelje når vi møter han i det som er hovudkontoret til Akvahub, i andre etasje i Leirvik Senter.

Førebels er han åleine i den enden, men i løpet av våren håpar 34-åringen frå Hyllestad - som byrja som dagleg leiar for Akvahub for vel eit år sidan - å ha fått selskap.

– Akvahub har sitt utspring i omstillingsarbeidet i Hyllestad kommune nokre år tilbake, då ein såg på moglegheiter for å skape nye arbeidsplassar, blant anna innanfor akvakulturnæringa. Der kom idéen om å hjelpe mindre bedrifter med å utvikle seg opp. Det er noko alle bedrifter vil, men det krev ressursar som dei små gjerne ikkje har, seier Løland og peikar på at drifta jo skal gå sin gang.

– Det er her Akvahub kjem inn, og kan hjelpe bedriftene med å realisere potensialet deira, ved å gå inn og fungere som ei FoU-avdeling (Forsking og utvikling, red.mrk) for dei, og som desse små bedriftene deler

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!