Applaus til lokalpolitikarane


Då var kommunestyre- og fylkestingsvalet over for denne gong. Stemmene er talde opp, og mandata fordelt. I min heimkommune Høyanger stilte til saman 113 ulike personar på ulike lister. Ikkje alle har vore like deltakande og synlege i valkampen, men mange av dei har lagt ned mykje innsats i vekene og månadane før valdagen 11. september. 

Eg har ein jobb som gjer til at eg møter mange lokalpolitikarar i ymse samanhengar, og mitt inntrykk er at dei fortener langt meir applaus og takksemd frå oss innbyggarane enn det dei får. Det er ikkje lett å vere lokalpolitikar. Du må ha meiningar om mangt og mykje, og sannsynet for at nokon er ueinig med deg er ganske stort. I dei mest betente sakene er også sannsynet stort for at du vil få klar beskjed, gjerne i ganske harde ordelag, om kor feil du tar. 

I år har vi som dei fleste veit hatt særleg ei sak lokalt kor det har vore mange følelsar i sving, og der mange er skråsikre på at deira standpunkt er det rette. I slike saker er det langt meir krevjande og belastande å stå framfor ei forsamling eller på ein stand og måtte forsvare tankar og meiningar, enn det er å skrive krasse kommentarar i sosiale medier. Det er nok ingen lokalpolitikarar som synest det er kjekt å stille seg opne for vindkraftutbygging når motstanden er høglytt og i nokre tilfelle konfronterande med moralske undertonar, eller som synest det er stas å vurdere å stenge ein skule med lågt elevtal, men rolla deira gjer til at dette er noko dei må forhalde seg til. Nokre tek den belastninga det er å meine noko offentleg om det dei trur er rett for lokalsamfunnet vårt i det store bildet og på lengre sikt, sjølv om dette kan vere upopulære standpunkt her og no. Det meiner eg at det står respekt av. 

Ein kan sjølvsagt vere ueinig i meiningane og haldningane til dei ulike lokalpolitikarane, det er eg sjølv med jamne mellomrom, men dei fortener langt meir klapp på skuldra enn kjeft, og det berre i kraft at dei tek på seg oppgåva det er å meine noko, og måtte stå inne for det. At det finst personar i lokalsamfunnet vårt som tør å meine er eit kjempepluss og heilt nødvendig for at vi skal få den meiningsutvekslinga vi treng for å utvikle kommunane våre vidare. 

I denne samanhengen vil eg særleg trekke fram dei unge som har kome på bana dette valet, og som alt no har markert seg i lokalpolitikken. Vi har fått tre nye kommunestyrerepresentantar i 20-åra i form av Hedda Andrine Skår Indrebø, Øyvind Fjelde og Jonas Haugsbø. Det er kjempeflott, og eit sunnheitsteikn for lokaldemokratiet vårt. Hadde du tort å ytre meiningane dine offentleg som lokalpolitikar då du var i 20-åra? Det hadde ikkje eg, og eg blir imponert over dei unge som gjer det, og som vil noko med og for heimstaden sin. For meg er Hedda, Øyvind og Jonas heltar, og eg håpar dei blir med oss i lokalpolitikken i mange år til.

Eg er som medeigar og dagleg leiar i eit selskap som gir ut ei lokalavis naturleg nok oppteken av samfunnsutvikling og framtida til staden eg bur på, og eg veit at det er mange som meg i heimkommunen min, for eg møter engasjerte folk som er glade i heimstaden sin på ein dagleg basis. Mi oppfordring til alle som les dette er å gi lokalpolitikarane våre beskjed om at vi set pris på jobben dei gjer, uavhengig av parti og standpunkt, og at vi alle blir med på å legge til rette for sakleg meiningsutveksling og eit velfungerande lokaldemokrati.

Lokalpolitikarane våre er genuint engasjerte og opptekne av å skape eit så godt og framtidsretta lokalsamfunn som mogleg for oss alle. Det er lett å merke når ein snakkar med dei, og dette går igjen i alle parti. Korleis vi har det no og i framtida er noko dei brenn for, utan at dei sjølv får noko igjen for engasjementet sitt. Nettroll og kommentarfeltkrigarar er raske med å kritisere om det som blir ytra ikkje passar heilt med deira eigne syn, og det kan vere tøft å stå i det presset, men dei gjer det likevel. Heldigvis.

Så tusen takk til dere som er lokalpolitikarar. Dere har ikkje alltid rett (nokre har meir rett enn andre, etter mitt syn), men dere gjer alle saman ein kjempejobb.

Stig Hovlandsdal Øvreås
Dagleg leiar i Tell Media og redaktør i Ytre Sogn