Annika (19) er tildelt Furorestipendet


Annika Beinnes (19) frå Vadheim er tildelt Furorestipendet på 50 000 kroner.

Desse pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, som vert forvalta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Eg vart veldig overraska, og eg er veldig glad for at Sparebankstiftinga vel å støtte meg og har trua på mine framtidsplanar om å bli profesjonell utøvande songar, seier Annika Beinnes.

Hjelpe framover

19-åringen var akkurat ferdig med ein songtime då ho fekk vite om stipendet. På denne songtimen hadde ho ein samtale med songlæraren der sistnemnde kom med tips om kva ho kunne ønske seg til jul.

– Eg hadde akkurat vore på songtime på Griegakademiet. Der sa songlæraren min, Hilde Haraldsen Sveen, til meg at eg kanskje eg skulle ønskje meg ein pengesum til jul for å få råd til å reise København for å ta songtimar der, seier Beinnes og held fram:

– Dette Furorestipendet vil verkeleg hjelpe meg framover med, slik som i dette tilfelle, å finansiere timar med coachar og songpedagogar som igjen vil gjere meg til ein betre songar.

Til København

Sjølv om Beinnes framleis er tenåring, har ho rukke å få til mykje i songkarrieren sin. Ho har tidlegare vunne «Drømmestipendet», vunne Ungdommens Musikkmesterskap, blitt medlem av Bergen Filharmoniske Kor og vore aktør i Fargespill der ho har vore med på innspel av album med Kork.

No tek vaimingen ein bachelor i utøvande klassisk song på Griegakademiet i Bergen. Det trivst ho godt med, men håpar at ho snart kan flytte til Norge sitt naboland i sør.

– Målet mitt no er å kome inn på anten ein bachelor eller ein master i København. Eg har planar om å gå på ny prøvesong i København i januar 2020, forklarer Beinnes.