Lokale nyhende frå Ytre Sogn 17. juni 2019
Ytre Sogn 17. juni 2019

DJ-duoen Alexander Smelvær Burn (f.v.) og Daniil Trifonov drøymar om å leve av musikkproduksjon, og bruker arrangementet Dark and Loud til å teste ut musikken sin på eit publikum.

Drøymer om å leve av musikk

Journalist: Espen Bakketun | Publisert: 5. januar 2019

For Alexander Smelvær Burn (17) og Daniil Trifonov (18) er draumen å leve av musikkproduksjon. Difor er det også ypperleg at dei får prøve ut den nye musikken sin for eit publikum på arrangementet Dark and Loud på Ungdomsklubben i Høyanger.

Med rungande musikk og farga lys som blender publikum er det ikkje noko tvil om kor arrangementet har fått namnet sitt frå. Og for ungdomen i Høyanger har dette blitt eit populært tilbod. For DJ-duoen bak miksebordet er dette ein yppaeleg måte for å både spele for publikum, samtidig som dei får testa ut ny musikk.

-Dark and Loud har vore perfekt for oss med tanke på at vi vil satse på musikken. Her får vi moglegheit til å vise fram det vi jobbar med, fortel Alexander Burn og Daniil Trifonov til Ytre Sogn.

Dei lager begge musikk kvar for seg, men spelar som ein duo på arrangementet. Trifonov har også nokre songar der han rappar sjølve. Draumen om å drive med musikk har lenge vore i tankane deira.

-Så lenge eg kan hugsa så har eg hatt ein draum om å leve av å lage musikk, fortel Burn som har kome ut med fleire låtar som etter kvart skal bli til ein EP.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord