A-laget møtte overmakta


Førde vart for sterke for Høyang når dei gjesta Sletta laurdag. Sunnfjordingane hadde full kontroll og vann fortent 3-0. Til pause var stillinga 2-0.

–Vi hang bra med i starten, men med to mål i mot midtvegs i 1. omgang vart det tungt. Eg er skuffa over at vi ikkje klarer å bruke ballen betre. Vi får ikkje satt eige spel mot Førde. Moralen spelarane viser etter at vi får 3-0 i fleisen er eg nøgd med, for då kunne lufta gått heilt ut av ballongen, seier trenar Leif Arne Tveit etter kampen.

Les meir om kampen i papirutgåva tysdag