90 elevar gjekk Nissemarsjen


Om lag 90 elevar frå 1.–4. klasse ved Høyanger skule trossa vêrgudane og gjekk Nissemarsjen 2017. I eit ufyseleg vêr gjekk dei til barnehagane for å synge til dei små borna.

– Nissemarsj er eit landsdekkande prosjekt som er arrangert av Norges Friidrettsforbund, og noko vi har gjort til ein tradisjon. I Høyanger går 1. – 4. klasse på SFO denne marsjen kvart år før jul. Dette er ein veldig kjekk tradisjon. Etter turen spis dei graut og så blir det utdelt nissemedalje, seier Marie Fredriksen Grønvold, som hadde med seg elevane Mina Ølmheim og Ciana Tonning Hansen fremst i toget.

Borna på Hjetland barnehage hang på gjerdet og koste seg med underhaldninga frå elevane.

Les meir i Ytre Sogn tysdag