250 slo ring om ambulansen i Lavik


- Eg er overvelda over kor mange som møtte opp. Men det viser også kor viktig ambulansen er for folk, seier Eirin Borlaug til Ytre Sogn.

I prehospital plan som Helse Førde Helse Førde la fram tidlegare i haust, er det nemleg gjort framlegg om å leggje ned døgnambulansen i Lavik, og erstatte den med flåtestyring av ressursar frå Dale og Høyanger.



Men det vil ikkje folk i Lavik vere med på, og søndag ettermiddag slo mange av dei - bokstaveleg tala - ring om ambulansen for å markere kor viktig ambulansen er for dei. 



- Vi håpar med dette at Helse Førde vil sjå og høyre oss. Vi vil vise at vi er ikkje berre eit folketal, ein prosent, ein statistikk i ein plan. Vi er menneske, seier Eirin Borlaug.



Det var ho - i lag med Linn Christin Fløholm - som tok initiativ til markeringa framfor Lavik skule søndag ettermiddag, og rundt 250 personar møtte opp. Det var også appell ved Høyanger-ordførar Petter Sortland.



- Eg trur omtrent heile Lavik er her, unge som gamle. Men det er også mange utanfrå, blant anna har det kome ein heil del frå Hyllestad, som ambulansen i Lavik også dekkjer. For det er ikkje berre for oss den er viktig. Forsvinn den, vil det få konsekvensar for heile regionen, frå Askvoll i vest til Balestrand i aust, seier Borlaug.



Les meir om markeringa i neste utgåve av Ytre Sogn!

Rundt 250 personar deltok på markeringa i Lavik.