250 000 til utdanning


Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gitt Høyanger kommune 250 000 kroner til fagarbeidarutdanning for assistentar i barnehagane.

Årsaka til at kommunen vil legge til rette for fagarbeidarutdanning er å realisere den vedtekne barnehageplanen.
Barnehagane i kommunen har om lag 30 ufaglærte assistentar med lang yrkesrøynsle. 21 av desse har meldt seg på utdanninga.

I den vedtekne barnehageplanen står det at barnehagane har som mål at det skal vere to pedagogar og to fagarbeidarar på kvar avdeling og at alle tilsette er utdanna fagarbeidarar eller pedagogar.

Utvikling av barnehagane som lærande organisasjonar er ein viktig faktor for å auke og dele kompetanse for alle tilsette. Barnehagebasert kompetanseutvikling er eit tiltak som vil ha stor effekt for fagleg utvikling i barnehagane, står det å lese i planen.

I søknaden til Fylkesmannen skriv kommunen at fagarbeidarutdanning for ufaglærte assistentar er eit viktig barnehagebasert utviklingstiltak for å utvikle barnehagen sin pedagogiske praksis, innhald og lærlingsmiljø.