25 år med fjelltrim på Kyrkjebø


Hausten 1992 byrja trimgruppa til Kyrkjebø IL med fjelltrimmen. Besøkstala har auka jamnt og dei siste åra har det vore om lag 15 000 signeringar kvart trimår på dei 12 trimpostane.

Fire personer har delteke kvart år sidan oppstart for 25 år sidan og på årsmøte til Kyrkjebø IL ventar det både merksemd og fortjent premie. Ei av dei er Gunhild K. Bekkelien som har heile 3376 poeng.

Føremålet til fjelltrimmen er at det skal vere eit tilbod til alle og foreldra Siv Anne Haaheim og Mathias Hatlestad Larsen tek med borna, Sol Mathea (5) og Sigurd Olai (2) så ofte det høver.

- Vi er heldige som har fjella rett ut forbi utgangsdøra. Når vi får høve i ein travel kvardag ,tek vi med ungane på tur. Når dei blir slitne, ber vi dei på ryggen. Det er tungt, men verdt det, for då får dei også gleda av å oppleve naturen på lik linje med oss vaksne. Vi har alltid med oss litt mat og drikke, så vi kan ha piknik når vi kjem fram.

Dei fortel at favorittplassen til ungane er på på ein avstikkar frå skogsvegen på veg opp til Vårstølen. Her er det ei gammal fòrløe som er spanande å utforske, fine bekkar renn forbi og det er tre som ein kan klatre i. Her høver det òg å leike gøymsel. Andre favorittpostar er Stupet, Vårstølen og Naveset.