12 NM-medaljar


Hyllestad biljardklubb arrangerte NM i biljard for juniorar denne helga. Vilde Mary Dingsøyr Holme, Nina Skresholdt Torvund og Gard Eiken Flage tok kvar sin gullmedalje.

Både ordførar Morten Askvik og Gjermund Flage var nøgde med NM-arrangementet.

Totalt vart det 12 NM medaljar til arrangørklubben.

Ordførar Morten Askvik var tilskodar under finalane søndag, og han gledde seg stort over det flotte arrangementet.
Det same gjorde primus moter i Hyllestad biljardklubb, Gjermund Flage.

–Det var kjekt at Nina Torvund og Vilde Mary Dingsøyr Holme fekk eit gull kvar, og så var det viktig at Gard Eiken Flage greidde å hamle opp med austlendingane i 10 ball, seier han til Ytre Sogn.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!