Ytre Sogn og Finurlig etablerer mediehus


1. januar i år slo Avisføretaket Ytre Sogn AS og Finurlig AS seg saman til eitt selskap.

Etableringa av eit mediehus i Høyanger vil i følgje dagleg leiar Stig Hovlandsdal Øvreås gjere det lettare å skape eit meir variert og breiare lokalt medietilbod.

- Mediebransjen er i rask endring, og det har vist seg vanskeleg for mindre uavhengige aktørar å henge med på utviklinga. Slik har det også vore for Ytre Sogn, noko som er bakgrunnen for at avisa no går saman med kommunikasjonsbyrået Finurlig og etablerar eit mediehus i Høyanger.

Hovlandsdal Øvreås i det nye mediehuset ser fram til å bli med på å skape morgondagens lokalavis for ytre Sogn.

– Aviser i dag er mykje meir og noko heilt anna enn det aviser var for berre nokre få år sidan. Lesarane har i mange tilfelle og blitt sjåarar og lyttarar, og avishusa produserer og sender mellom anna TV-seriar, podcastar og fotballkampar. Som liten aktør er det noko begrensa kva vi kan få til på desse områda, men vi har stor tru på at også vi kan tilby eit rikare medietilbod, om enn i ein litt mindre målestokk enn det storebrødrene våre i mediebransjen kan få til.

Etablert samarbeid

Dei to selskapa som no går saman kjenner kvarandre godt, mellom anna gjennom fleire års samarbeid om produksjonen av papirutgåva til Ytre Sogn.

– Vi i Finurlig har også vore inne og hjelpt Ytre Sogn med oppstarten av YSTV og produksjonen av julemagasinet «Julestemning i ytre Sogn», prosjekt som begge kan vere ein forsmak på kva typar innhald ein kan vente meir av frå vårt nye mediehus. For oss som kjem frå Finurlig er det veldig kjekt å kunne få bli del av eit større miljø, og for meg personleg er det veldig spennande å vere med på å bygge eit slikt lokalt mediehus frå botn av.

Redaktør May Britt Eide har også tru på at samanslåinga av dei to selskapa vil gje positivt utslag for journalistikken ho står ansvarleg for.

– Frå redaksjonell ståstad tilfører Finurlig oss viktig, digital kompetanse. Som ei lita avis er det avgrensa kva vi kan få til på eiga hand på det området, noko også aviser større enn vår har erfart, og difor søkt samarbeid med andre, seier ho.

To avdelingar

Sjølv om Ytre Sogn og Finurlig no er det same selskapet, vil i følgje Hovlandsdal Øvreås begge fortsetje å bestå som to ulike avdelingar.

– Aktiviteten i Finurlig vil til dømes halde fram som før i Finurlig-avdelinga i mediehuset, så kundane våre som ønskjer kommunikasjons- og designtenester vil ikkje merke nokon forskjell etter etableringa. Den daglege aktiviteten blir nok mykje lik for Ytre Sogn og Finurlig, men det vil bli langt lettare å jobbe med prosjekt og skape utvikling no når vi står saman som eitt selskap.

Marianne Taule blir også med i leiartrioen i mediehuset, som personalsjef og avdelingsleiar for Ytre Sogn. Ho melder om fleire planar og nye løysingar.

– Det er ikkje sikkert vi får sett alle planane våre ut i live no denne våren, men det vil nok kome eit par endringar alt i løpet av dei neste månadane som vi håpar at abonnentane våre og lesarane elles vil ta godt imot.

For redaktør Eide er det særleg eit prosjekt ho ser fram til.

– Ambisjonen vår er sjølvsagt å vere best på lokalt stoff frå dekningsområdet vårt, og som eit ledd i det arbeidet kjem vi snart til å lansere ei ny nettavis frå leverandøren Lynx. Der vil vi kunne komme raskare ut med saker som del av ei abonnementsløysing, i staden for å måtte «halde att» heile saker til eAvis og papiravis, slik som i dag.

Kommersielle tilbod

Med mediehusetableringa på plass håpar Taule også på ei styrking av det kommersielle tilbodet til Ytre Sogn.

– Tradisjonelle papiravisannonser, som i stor grad utgjer det kommersielle tilbodet til Ytre Sogn i dag, er under press, og sjølv om dei definitivt har sin plass også i dagens mangfald av marknadsføringskanalar, finst det og mange andre måtar å nå potensielle kundar på. Vi vil jobbe med å utvide det kommersielle tilbodet til Ytre Sogn med nye produkt og tenester, og då særleg på digitale flater. Nokre stikkord her kan vere målbarheit og målretting som skapar konkrete resultat og synleg verdi.