Oppussingsboom under pandemien:

XL Bygg Høyanger auka omsetnaden med 15 prosent

Mange har brukt tida heime under koronapandemien til å pusse opp. Det har også XL Bygg Høyanger merka.


-2020  har så absolutt vore eit positivt år for oss, der vi under koronapandemien har hatt ein omsetnadauke på 15 prosent.

Det seier Frode Øren, dagleg leiar for XL Bygg Høyanger, til Ytre Sogn.

Etter at Norge og resten av verda vart stengt ned grunna pandemien i fjor vår, har mindre reising ført til at folk i har brukt meir pengar på oppussing og vedlikehald,  både heime og på hytta. Det har ført til auka sal hos byggvarehandlar i heile landet  - også den i Høyanger.

- Vi har også hatt mange fleire privatkundar innom, enn det vi har hatt tidlegare, og det er hyggjeleg, seier Øren.

Lokal handel
Årsaka til dette meiner han er at lokalbefolkninga ikkje i like stor grad som før har reist  ut av tettstaden for å handle, men nyttar seg av tilbodet som finst i Høyanger. 

-Sjølv om eg ikkje kan uttale meg for dei andre butikkane her, så trur eg ikkje koronaen har ført til så store problem, sidan folk har halde seg i ro bygda. Slik eg har oppfatta det så har også mange andre småstader hatt det slik som oss - meir oppussing blant folk har ført til auka lokal handel, seier han. 

Stor etterspurnad
Øren fortel at stor etterspurnad på måling førte til eit stort press på leverandøren Jotun.

-Den var så stor at Jotun i mai slutta å produsere 1 liter-målingsboksar, som var det dei selde minst av, og i ein periode kun produserte 3 og ti-liter for å dekke etterspurnaden. Sett bort ifrå 1-liter-boksane, gjekk vi til liks med andre butikkar også tom for måling ein stund. 

Elles har dei, sett under eitt, seld meir av alle typar byggevarer som har med oppussing å gjere.

Behalde tilbodet
Til liks med året før har januar vore svært roleg hos dei.

-Det har nok med at folk ikkje har kome skikkeleg i gong igjen med ting etter nyttår. Eg håpar sjølvsagt at vi får eit tilsvarande år i 2021 som vi hadde i fjor, sjølv om det er synd at det er koronaen som er «skuld» i det. Eg håpar også at folk no ser at vi har varer dei treng i butikkane i Høyanger, og at dei fortset å bruke oss også etter at pandemien er over.Som ein kar busett på ein plass på omtrent same storleik som Høyanger sa til meg ein gong «Det er kundane som bestemmer om dei vil ha oss her, eller ikkje». Det tykkjer eg er godt sagt. For skal tilbodet ein har her i Høyanger i dag bestå, må folk også bruke det, seier han.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.