Torsdag var representantar frå Høyanger kommune og Norconsult Sogn og Fjordane på synfaring for å sjå på trafikkavviklinga i området rundt Høyanger skule. F.v.: avdelingsingeniør VA Asle Værøy, landskapsarkitekt Linn Marita Næss, vegplanleggjar Ola Sørensen frå Norconsult Sogn og Fjordane, arealplanleggjar Janne Kristin Bøyum og leiar for tenesteeininga Plan og forvaltning Synne Vefring.

Vurderer dropp-sone ved Høyanger skule

- Vi vil blant anna få på plass ei betre løysing på dette med avlevering og henting av skuleelevane, seier Synne Vefring, leiar for tenesteeininga Plan og forvaltning i Høyanger kommune, til Ytre Sogn.


Saman med representantar frå Norconsult Sogn og Fjordane var ho, avdelingsingeniør VA Asle Værøy og arealplanleggjar Janne Kristin Bøyum frå Høyanger kommune torsdag på synfaring  området rundt Høyanger skule. Her såg dei på trafikkavviklinga i området rundt Høyanger skule, der ein ønskjer å få på plass ei dropp-sone.
Bakgrunnen er innspel frå FAU (Foreldrerådets utval, red.mrk) ved Høyanger barne- og ungdomskule om å setje av midlar til å gjere noko med problemstillingar knytt til trafikkbiletet rundt skulen. 
-Vi er no på synfaring for å sjå på trafikkavviklinga i området rundt rutebilstasjonen, parkeringsplassen og skulen,  og korleis vi kan betre trafikktryggleiken. Med prosjektet «Kyss og køyr» vil vi blant anna få på plass ei betre løysing på dette med avlevering og henting av skuleelevane. Vi har ikkje funne dei enno,  men det har blant anna vore snakk om å få til ei dropp-sone, der bilane kan stoppe, sleppe av barna og enkelt køyre vidare, utan trafikkfarlege situasjonar, seier Vefring.

Sjå på løysingar
Med på torsdagens synfaring var landskapsarkitekt Linn Marita Næss og vegplanleggar Ola Sørensen frå Norconsult Sogn og Fjordane, som har fått i oppdrag frå kommunen å lage eit skisseframlegg til ei betre løysing enn det som er tilfelle i dag.
-Høyanger kommune har lagt premissane for prosjektet, der vi vil jobbe tett i lag med dei for å sjå på løysingar og overgangar mot tilstøytande sone og gangsone, slik at ting heng saman. Vi har ikkje så mykje kjennskap til Høyanger frå før, og det er første gong vi ser prosjektet, seier dei to. 
Skisseframlegget vil roleg blir lagt fram i løpet av januar–februar.
- Men det er noko vi vil avtale nærmare med kommunen.

Vegplanleggjar Ola Sørensen og landskapsarkitekt Linn Marita Næss frå Norconsult Sogn og Fjordane, saman med arealplanleggjar Janne Kristin Bøyum i Høyanger kommune.

Mjuke og harde
Vefring fortel at Sørensen si rolle i dette arbeidet er å sjå på løysingar i høve myke og harde trafikkantar. 
-Det er viktig å ha med ein vegplanleggjar i dette prosjektet, for det skal vere plass til alle bilane som skal ha kurvene sine. Så har ein det med mjuke og harde trafikkantar, der det landskapsarkitektfaglege kjem inn i biletet. I tillegg skal det sjå ordentleg ut, og gjerast gode val på løysingar. Det at kommunen no også er eigar av rutebilstasjonen gjer at ein har meir areal ein kan spele på når ein skal finne gode løysingar 

Med i vurderinga
-No skal vi med planlegging og tiltak først og fremst jobbe med området rundt skulen, men forhåpentleg finn vi så gode løysingar at det vil vere med å avlaste trafikken som brukar andre innfallsportar til skulen. 
Ho fortel at dei hadde møte med FAU måndag, der ein mellom anna tok opp spørsmålet om desse vegane kanskje kan stengast for gjennomkøyring i morgon– og ettermiddagstimane når elvane skal til og frå skulen. 
- Det er med som ein del av vurderinga, men ikkje teke med i dette prosjektet, seier Vefring.

Søkjer om midlar
Til prosjektet «Kyss og køyr» vil Høyanger kommune søkje om trafikktryggingsmidlar frå Vestland fylkeskommune.
-Dette er midlar som alle kommunar kan søkje om kvart år, der kommunane har ein eigendel av kostnaden med tiltaket på minimum 50 prosent av totalkostnaden. Vi kjem til å sende inn innan slutten av januar som er fristen, og så håpar vi at den blir innvilga og at vi får midlar til prosjektet, seier Bøyum.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.