Vindkraft­saka


I år vil eg ta kaffipraten med alle kort på bordet, ingenting under.

Nå er det under eit år til neste val, kommune- og fylkestingval. Og i år vil eg ha alle kort på bordet. Akkurat nå driver lokalpartia på med partiprogram og nominasjonslister. Eg vil derfor vere tideleg ute og seie at i år vil eg ha alle kort på bordet rundt vindkraftsaka. Vindkraftsaka har vore eit betent tema i mange kommunar denne valperioden. Dette er nemleg eit tema som inneheld mykje kjensler, og for mange ein frustrasjon etter å ha følt seg oversett og ikkje høyrt. Dette har vore eit tema som mange politikarar har følt seg utrygge på å svare på. Kanskje i redsle for å få dårleg valresultat neste periode? Men nå vil eg at vi skal endre denne haldninga, det verkar som at dei folkevalde gløymer at dei skal representere folket. Ein folkevald kan ikkje lenger spele med korta under bordet. Folket fortener å få alle korta opp.

Per 19.januar 2022 er det 63 norske vindkraft-anlegg i Norge. 22.april 2022 sendte Regjeringa brev til NVE om å starte opp igjen med behandlingsprosessen i vindkraftsaka. Samtidig som regjeringa arbeider med ei lovendring som gjer at kommunane sjølv skal få ta stilling til om dei ønsker vindkraft eller ikkje. Desto viktigare er det at dei som i år står på liste til kommuneval tek eit standpunkt til om dei ønsker vindkraft i heimkommunen eller ikkje. Dette må inn i alle partiprogramma, dette er noko alle på nominasjonslistene må ta eit standpunkt til.

Sjølv om regjeringa opna behandlingsprosessen til vindkraft i april, har berre to kommunar vist ønske om vindkraft i sin kommune. Dette viser at mange kommunar ikkje ønsker vindkraft. Men samtidig ønsker eg eit tydelegare svar. Fordi det å ikkje vise interesse nå gir meg ikkje tryggheit i at ein ikkje viser interesse seinare. Derfor vil eg ha tydelege svar.

Vindkraft rammer store fjellområde. Dette gjennom tilkomstveg, fundament og sjølve turbinen. Det er store inngrep i ein taus natur, fjell som ikkje kan snakke, ein natur som ikkje kan kjempe imot. Derfor er det viktig at politikarane, at dei folkevalde snakkar for naturen. Naturen som vi alle deler. Det er så viktig at vi gir naturen ei stemme. 

Fjellområda våre og naturen vår er også ein stor del av identiteten vår. Som stolt Sogning er eg ikkje heime før eg ser dei urørte fjella våre, dei høge toppane og djupe fjordane. Og eg føler meg tom av tanken på at dette kan bli tatt i frå oss. Denne kjensla, og identiteten som ligger så nær oss. Det er derfor vindkraft debatten blir så sår. Det står så mange nært.

Så la oss ta kaffipraten med alle korta på bordet i år. Så kjære politikar som står på liste til neste val; ha vindkraft på dagsorden, ta eit standpunkt, ha det med i partiprogrammet. La folket vite kven dei stemmer på.

Av Hedda Andrine Skår Indrebø