"I KrF sitt program står følgjande: «Stramme inn behandlinga av vindkraftkonsesjonar, og styrkje den lokale og regionale forankringa. Vindkraftprosjekter skal vere ønska av vertskommunane, og ha avgrensa konfliktar mot naturmangfaldet og andre interesser.», skriv Trude Brosvik i svarinnlegget sitt. (Illustrasjonsfoto)
YTRINGAR

Vindkraft i fjella våre blir ikkje aktuelt


Dette er eit svar til Folk for Fjella, Ung Motvind Høyang, Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn, Ung for fjella, Nei til vindkraft og VON.

På grunn av den teknologiske utviklinga og utviklinga i næringa gjennomførte storting og regjering store innstrammingar i reglane for vindkraft. Kommunane skal få mynde gjennom plan- og bygningslova, konsesjonane har fått strengare krav og indirekte subsidiar blir erstatta av produksjonsavgift. Det har KrF vore ein forkjempar for å få til. Når ekspertane i NVE reknar på kraftsituasjonen i åra framover meiner dei at med dei nye reglane vil det ikkje bli aktuelt med nye konsesjonar i kommande stortingsperiode.

Ei anna endring som også er viktig, er at eit løyve til å bygge vindkraftanlegg er tidsavgrensa til 5 år. Hadde det vore slik før, så hadde nok fleire av anlegga langs kysten vår som i Bremanger eller Stad, vore stansa. For der kommunane før ønska vindkraft, er ein no sterkt i mot.

KrF har vore aktiv pådrivar for å endre skatten for oppgradering og effektivisering av allereie utbygde vasskraftverk, for på den måten å få meir kraftproduksjon som ikkje er like omstritt.

I KrF sitt program, som vart vedteke på landsmøtet, og som er «kontrakten» vår med veljarane, står følgjande: «Stramme inn behandlinga av vindkraftkonsesjonar, og styrkje den lokale og regionale forankringa. Vindkraftprosjekter skal vere ønska av vertskommunane, og ha avgrensa konfliktar mot naturmangfaldet og andre interesser.» 

Og for havvind, som også er eit tema, står det: «Gjennomføre ei satsing på havvind i samarbeid og sameksistens med fiskerinæringen og miljøet i havet. Det må etablerast modellar for offentleg støtte og finansiering som kan sikre utbygging og realisering av prosjekter innanfor flytande havvind.»

KrF har stor respekt for det arbeidet som blir gjort av frivillige interesseorganisasjonar. Vi vil halde fram å delta på møter, arrangement og legge til rette for at representantar får møte våre folk på Stortinget.

Nok energi, og ikkje minst å få ført fram energien slik at det kan bli nye arbeidsplassar, blir ei vikitg oppgåve framover. Også å endre nettleiga, slik at det ikkje er dei som bur der utbygginga skjer som må betale for at andre stader skal få billegare straum.

Vi vil også vere tydelege på at Norge er forplikta av Parisavtala om kutt i klimautslepp, og derfor må fossil energi fasast ut til fordel for elektrisitet frå fornybare kjelder.

Trude Brosvik
 2. kandidat for KrF i Sogn og Fjordane

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.