Vindkraft er ikkje løysinga for norsk industri


Ordføraren i Årdal seier ja til vindkraft i Sogn Avis 28. april. Enkelte politikarar i Høyanger seier dei vil ha ei hand på rattet, men eg tolkar det som ja. Har Arbeidarpartiet sin partipisk vore framme?

Årdalsordføraren seier han innrettar seg etter det grøne skiftet, det varsla kraftunderskotet i nær framtid og planane til Fred Olsen Renewables. Kraftunderskotet er bygd på usikre føresetnader og kan påverkast av politisk styring. Fred Olsen Renewables er ein del av den grøne pengemølla. Forretningsideen er å tene store pengar på energi, men ikkje utan offentlege midlar som ein nødvendig del av reknestykket. Politikarar i store deler av den vestlege verda står klar med pengesekken. Dei trur dei reddar verda, men resultatet vert det motsette.

Føresetnaden for velfungerande samfunn er stabil tilgang på energi til overkommelege prisar. Det grøne skiftet snur opp-ned på dette. Å fase ut olje og gass som energikjelder er oppskrifta på energimangel og høge energiprisar. Vind og sol er ustabile energikjelder og leverer ikkje 24/7. Skulle det grøne skiftet gå som planlagt, 2030 - 2050 - 2055 alt etter kven som har visjonane, ser eg mørkt på det. Resultatet vil bli tapt velstand for vanlege folk. Klimaet vil klare seg heilt fint. 

Hydro sine planar om utsleppsfri aluminiumproduksjon er visjonært tøv, men uansett vil dei trenge rimeleg energi for å produsere aluminium her til lands i framtida. Utbygging av vindkraft vil ikkje medverke til det. Nye kraftavtalar til industrien vert for dyre fordi krafta er ei børshandla vare som kan seljast dyrare til andre. Kvifor kan ikkje vindkraft gi rimeleg energi til industrien? Fordi vindkraft er mykje dyrare å produsere enn dei kraftformene industrien brukar i dag og fordi vindkrafta er like omsetjeleg på kraftbørsane som andre energiformer. Skal ein gjere noko for norsk konkurransekraft må ein endre børshandlinga av kraft.

At kraft frå vindtubinar skal vere miljøvenleg er eg uforståande til. Produksjonen av turbinar og installasjonar medfører stort forbruk av råvarer og energi. Montering av kraftverka skal gjerast i urørt natur og arealbehova er enorme. Konsekvensane for levande organismar ved drift av vindkraftverk er mangelfullt utgreia, men regjeringa vil ha meir av alt - raskare. Norge var tilstades på naturtoppmøtet i Canada i desember 2022. Statsråden var djupt uroa over at naturmangfaldet er trua og reiste heim for å ordne opp. Det heng ikkje saman!

Kva kraftformer ein skal bruke må avgjerast av kost-nyttevurderingar. Alle kraftformer medfører naturinngrep og skadelege verknader. Vasskraft og utvinning av olje og gass er naturinngripande, men ikkje i nærleiken av det som utbygging av vindkraft kjem til å vere.

Eg har budd i Høyanger mesteparten av livet og meinar at stadar som Høyanger, Årdal og industrien skal ha ei framtid saman. Er vindkraft løysinga? Nei! Partia som styrer landet må endre energipolitikken, frigjere seg frå vindkraftlobbyen og arbeide for norske interesser. Folkelege protestar mot vindkraft må halde fram.

Jan Edvard Gjersvoll
Klimarealist, Høyanger