Ingunn Kandal, leiar i Raudt Sogn og Fjordane

Ville du røysta på same måten, Torbjørn Vereide?


Torbjørn Vereide har i fleire innlegg teke til orde for å forsvare streikeretten etter det vi opplevde med tvungen lønsnemnd mot Unio nyleg. Raudt er einig i at dette er svært viktig. 

Vi reiste derfor saka i Stortinget gjennom å be om ei utgreiing om bruken av tvungen lønsnemnd  og korleis vi skal unngå at dette vert brukt til å undergrave streikeretten. 

Følgande forslag (frå SV og SP) vart røysta over: Stortinget ber regjeringen gjennomgå bruken av lockout og tvungen lønnsnemnd og fremme forslag som skal sikre at tvungen lønnsnemnd ikke kan brukes for å undergrave streikeretten, verken ved at den ene parten bruker lockout, eller ved at det ikke gjøres en grundig nok vurdering av om et streikeuttak truer liv og helse. 

Sp, Raudt og SV røysta for. Ap stemte imot dette forslaget i lag med H, FrP, V og KrF.

Vi ber ikkje Torbjørn Vereide om å forklare kvifor hans partifeller på Stortinget røysta som dei gjorde. Men vi vil gjerne vite om Torbjørn stiller seg bak vedtaket og korleis han ville ha røysta når dette forslaget kom opp.  Det trur vi det er mange fagorganiserte som også vil ha svar på.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.