Vil ikkje ta klage frå vindkraftselskap til følgje

Skrevet av
28.02.2020 13:06 - OPPDATERT 28.02.2020 15:06

Rådmann Kjellaug Brekkhus i Høyanger rår planutvalet i kommunen til ikkje å ta klagen frå Fred Olsen Renewables AS til følgje, på avslaget dei fekk til å setje opp vindmålar i Høyangerfjella.

Vindkraftselskapet søkte i fjor om mellombels dispensasjon frå byggjeforbodet i LNF-området til å setje opp vindmålar. Det vart også søkt om landingsløyve for helikopter i samband med montering, service og demontering av vindmålar.

Planutvalet handsama søknadane i møte 22. oktober, og fann at vilkåra for å gje dispensasjon ikkje var til stades. Følgjeleg vart også søknad om motorisert ferdsle i utmark avslått.I brev datert 19. november klaga Fred Olsen Renewables AS på vedtaket, og grunngav den med at vedtaket er mangelfullt grunngjeve, og dermed ugyldig. Vindkraftselskapet meinte også at det var teke utanforliggande omsyn.

- Planutvalet har valt å sjå mellombels dispensasjon til etablering av vindmålar i samanheng med Fred Olsen Renewables AS sine planar om utbygging av vindkraft i området. Slike planar er i strid med kommuneplanen sin arealdel og framtidig ønskja arealbruk for området. Dette er underbygd av Høyanger kommune sin uttale til nasjonal plan for vindkraft handsama i kommunestyret i 20 juni i fjor. Planutvalet har vurdert at vilkåret om at fordelane med dispensasjon må vere klart større enn ulempene ikkje er til stades, skriv rådmann Kjellaug Brekkhus i saksutgreiinga.

Planutvalet skal handsame klagen i møte tysdag 3. mars. Vel det å følgje rådmannen si tilråding, blir saka sendt over til Fylkesmannen i Vestland for endeleg avgjerd.