Vil ha hydrogenferje på Nordeide-Måren-Ortnevik


Næringssjef Terje Søreide i Høyanger vil no ha hydrogenferje på sambandet Nordeide-Måren-
Ortnevik.

Til våren skal strekninga, som er del av fylkesvegnettet og blir forvalta av Vestland fylke, ut på anbod. I dag er det katamaranen Tansøy, som har kapasitet på 7-8 bilar, som trafikkerer Nordeide-
Måren-Ortnevik. Fartøyet som overtek strekninga blir anten batteridrive, hydrogendrive eller ein hybrid. Planen er at det skal setjast i drift i 2022. 



Betre alternativ


Terje Søreide i Høyanger Næringsutvikling (HNU) meiner at ei hydrogenferje vil vere det beste 
alternativet, noko han også sa til Teknisk Ukeblad som først omtalte saka.


- På denne type fartøy vil det ikkje nytte med batteri, som veg fleire tonn, og dermed blir for tungt. Fartøyet vil rett og slett ikkje ha bereevne til det. Hydrogen er difor beste alternativet, sjølv om det er vesentleg dyrare. Men difor bør det leggjast til grunn at styresmaktene er med og dekkjer meirkostnadane, seier Søreide til Ytre Sogn.


Han kom også inn på prosjektet då han torsdag orienterte kommunestyret i Høyanger om det som rører seg i lokalt næringsliv. 


HNU byrja å jobbe med prosjektet for vel tre år sidan, etter at dei vart med i Hydrogenprosjektet, saman med fire andre kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane.



Lite kraftverk


Søreide meiner at ei slik hydrogenferje også vil vere positivt for næringslivet i kommunen.Tanken er nemleg at hydrogenet skal produserast i eit lite kraftverk i Ortnevik, og at oksygenet som då blir til overs frå produksjonen skal kunne brukast av oppdrettarane i nærleiken, blant anna Sogn Aqua som driv eit stort, landbasert anlegg med kveiteoppdrett rett ved.


– Det vil såleis kunne fungere som eit visingsanlegg, både nasjonalt og internasjonalt, påpeikar han.


Han fortel også at oppdrettarane er positive til å bruke hydrogen som drivstoff på arbeidsbåtane sine.


- Osland Havbruk, som også held til i nærleiken, har vore med i eit prosjekt for å å utvikle verdas første nullutslepps oppdrettsanlegg, og den første hydrogendrivne arbeidsbåten skulle etter planen setjast i drift neste år. Den er no utsett til det blir klart om ferja blir hydrogendriven, seier Søreide. 



Samle aktørar


Dermed handlar det meste no om å samle dei ulike aktørane for å diskutere saka.

– Slik eg oppfattar det er både reiarlag og verft positive. Difor vil vi no samle dei ulike aktørane og fylkeskommunen for å prøve å få realisert hydrogenferja, seier næringssjefen.


- Ei hydrogenferje vil også vere positivt for næringslivet i kommunen, meiner Terje Søreide (biletet) i Høyanger Næringsutvikling.