I 2019 besøkte heile stortingsgruppa til KrF Gulatinget.

Vil ha Gulatingslova tilbake til Norge

Gulen KrF vil no ha støtte frå resten av partiet til at Gulatingslova, som no ligg på museum i Danmark, kjem tilbake til Norge.


Dette er eitt av innspel som lokallaget i Gulen no sender til landsmøtet. 

Vidare vil dei at formidlinga av framveksten av folkestyret vårt vert styrka gjennom Tingstad-nettverket, og gjennom at det vert bygd eit formidlingsbygg på Gulatinget, som er den eldste tingstaden i Norge.

- I ei tid der demokratiet vert utfordra frå fleire kantar er det særleg viktig å vere kjent med framveksten av det, og stadig å arbeide for å utvikle og halde ved lag. Norge brukar store pengar på Eidsvoll, der grunnlova vart laga. Men grunnlova byggejr på Gulatingslova, noko som er godt dokumentert frå mellom andre professor Jørn Øyrehagen Sunde, seier lokallagsleiar Trude Brosvik i ei pressemelding.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.