Vil ha aktivitetskort for born og unge


–Vi vil gje fleire born og unge høve til å delta på ulike fritidsaktivitetar, seier Anita Nordheim i Høyanger kommune til Ytre Sogn.

Som eit heilt nytt tilbod ønskjer tenesteområdet hennar, Kultur og folkehelse, no å innføre aktivitetskort for born og unge i alderen 10-19 år, som vil gje dei tilgang på ei rekkje fritidsaktivitetar - til sterkt reduserte prisar. Kortet har ein reell verdi på om lag 750 kroner, men vil bli seld for 300 kroner.

- Både i den nye kulturmeldinga og i kommuneplanen sin samfunnsdel vert aktivitetar for born og unge løfta fram som svært viktig for ein god oppvekst. Eit slikt kort vil underbyggje dette, ved å gje fleire høve til å ta del i ulike aktivitetar. Vi håpar at det kan bidra til auka inkludering og utjamning i samfunnet, seier Anita Nordheim, kommunalsjef for kultur og folkehelse i Høyanger, til Ytre Sogn.

Saka kjem opp i Utval for kultur og folkehelse i møte torsdag denne veka, og administrasjonen si tilråding er å vedta å innføre eit slikt kort.

Ifølgje tilrådinga skal aktivitetskortet for 2019 innehalde dette: * Høyanger kommunale kino 3 stk. billettar
* Høyangerbadet 5 stk. billettar
* Ungdomsklubben 2 stk.billettar til eitt arrangement
* UKM lokalmønstring 1 stk. billett
* Gunnar S. Galleriet 2 stk. billettar
* Høyanger Industristadmuseum 2 stk.billettar

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!