Vil gje Min heim AS opsjon på tomter i Vadheim

Skrevet av
28.11.2020 15:33 - OPPDATERT 28.11.2020 17:33

Formannskapet i Høyanger tilrår at det vert inngått opsjonsavtale med utbyggjarselskapet Min heim AS, som ønskjer å kjøpe tomter på nedre Hovland i Vadheim.

Vedtaket, som er i to punkt, gir ordføraren fullmakt til å inngå avtalen, medan rådmannen får fullmakt til å starte ein prosess der føremålet er å endre rekkefølgje for utbygging, og starte me tomtene nærast sjøen.


-Det er svært positivt og ganske unikt for kommunen vår at vi får inn nokon som har lyst til å satse på dette. Det står att å sjå kor mykje det blir, men vi må tore å ta sjansen på at dette er riett å gjere no, for eg trur vi ikkje har så mykje val heller, sa Geir Helge Østerbø (Sp) på møte.


Einar Rysjedal (R) stilte seg spørjande til kva type bustadar som vil bli sett opp på tomtene.


-Det har vore mykje fram og tilbake om dette, så mitt spørsmål er om ein låser seg til dette konseptet med opsjonsavtalen, sa han.


Til det svara leiar for tenesteeininga Plan og forvaltning Synne Vefring at ved å inngå ein opsjonsavtale med Min heim AS så har selskapet råderett, og kan prosjektere, marknadsføre og selje desse tomtene slik som dei tykkjer det er best.


-Men reguleringsplanen har nokre rammer og legg føringar for kva han kan gjere, seier ho.


Ordførar Petter Sortland (Ap) sa at det er mykje bra som no skjer i Vadheim.


-I tillegg til prosjektet med tomtene tykkjer eg det er veldig viktig å få fram det pågåande oppgraderingsarbeidet i Vadheim sentrum som kjem til å bli veldig bra når det står ferdig, sa han

[annonse]

Representanten Leif Arne Fureli (Sp) gjekk frå då saka vart handsama då han var ugild.