Vil byggje ladestasjon i Høyanger sentrum

Innan årsskiftet håpar Daniel Johannsson i Grønn Kontakt at ein ny hurtigladestasjon er oppe og går i Høyanger sentrum.

-I samband med at vi no skal i gang med å byggje hurtigladestasjonar for elbilar fleire stader langs E39 gjennom fylket, blant anna i Lavik, fekk vi spørsmål frå kommunen om vi også kunne gjere det i Høyanger. Det sa vi ja til, men på vilkår av at både dei og fylkeskommunen går inn med støtte. Stasjonane langs E39 får vi nemleg støtte til, gjennom Enova. Det gjer vi ikkje til andre, seier Daniel Johansson i Grønn Kontakt til Ytre Sogn.

Grønn Kontakt, som er ein veletablert nasjonal operatør av hurtigladarar, driftar per i dag stasjonar på over 80 stader i Norge.
Totalkostnadene for ladestasjonen i Høyanger blir på 630.000 kroner, og av dette vil Grønn Kontakt og Høyanger kommune gå inn med 280.000 kroner kvar. Kommunen stiller også tomt til disposisjon.

- I tillegg har vi altså søkt fylkeskommunen om å gå inn med 70.000 kroner, og ventar no på tilbakemelding frå dei. Først når vi får det - og forhåpentlegvis med positivt svar - kan vi starte å byggje.

Og då vil det gå relativt fort, skal vi tru Johansson.

- Vi satsar på at den er oppe og går før nyttår, med atterhald om at også fylkeskommunen går inn med støtte.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!