YTRINGAR

Viktig for distriktsland­bruket at KrF blir sterkt på Stortinget


 

Bondelaga i Gulen og i Masfjorden nytta høvet til å møte KrF og stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF) då han var på valturné i Gulen.

Landbruket er i eit skjæringspunkt, der stadig effektivisering ikkje lenger er mogeleg. Lønsemda må opp dersom ein skal lukkast i å få yngre til å ta over og drive gardane. Særleg kravet om lausdriftfjøs for melkebruk, og dermed store investeringar, gjer dei lokale bondelaga urolege for kva som vil skje. KrF lovar i programmet sitt ekstra investeringstilskot til melkebruk under 30 kyr, nett for å kome denne utviklinga i møte.  Det punktet kom inn i programmet etter innspel frå lokallaget i Gulen, og seinare Vestland KrF.

Det har vakse fram eit «bondeopprør» for å sikre bøndene høgre inntekt. På mange måtar har KrF og Bondelaget felles interesse i å lukkast med dette. Fordi norsk landbruk produserer mat som vi treng. Det vil vere viktig både til vanleg og som beredskap om det skulle kome ei krise. Men også fordi landbruk er den næringa som i størst grad påverkar at det er busetnad i heile landet, som har store ringverknader på anna næringsliv og som legg til rette for gode opplevingar både for bufaste og tilreisande.

Bondelaget sine representantar peika på importvern som svært viktig for å få høgre inntekt. Og KrF kunne då vise til at i forhandlingane med Storbritannia etter Brexit, så hadde nettopp det vore svært viktig for KrF å sikre. Og vi lukkast med det!

For kommunar som Gulen vil det vere avgjerande viktig at framtida til aktive bønder vert betre. KrF ønskjer eit sterkt og levande landbruk, og har eit program som er godt eigna for å få det til. Om det blir framhald av dagens regjering, eller ei ny regjering, så er det min påstand at eit sterkt KrF på Stortinget vil vere viktig uansett. KrF og Sp er dei to partia som har størst truverde på landbrukspolitikk. Det er viktig for næringa at begge er godt representert. Mi oppfordring er derfor at landbrukspolitikk åleine er ein god grunn til å mobilisere for KrF.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.