Vi treng fleire Vestlands-legar!


Rekruttering av fleire fastlegar er kritisk viktig for gode helsetenester over heile landet. Berre i Sogn og Fjordane åleine er det i skrivande stund 16 ledige fastlegestillingar: 10 000 av 100 000 innbyggarar har ikkje fastlege. Det krev politisk initiativ og handlekraft no – ikkje berre nye utgreiingar.

På Vestlandet har Universitetet i Bergen og helseforetaka gått saman om å utvikle ein ny modell for legeutdanning for å avhjelpe situasjonen: Vestlandslegen. Det er ein desentralisert studiemodell der legestudentane tar dei tre første åra i Bergen som i dag, men forflyttar seg til desentraliserte tilbod i Stavanger, Haugesund og Førde dei tre siste åra av utdanninga. Slik kan ein auke den samla kapasiteten i legeutdanninga, samtidig som fleire unge legar tidleg blir ein del av helsefaglege miljø også i Sogn og Fjordane.

Alt er no klart for å starte opp Vestlandslegen. Rammeplanen er på plass og stillingar er utlyste. Alt som manglar, er grønt lys frå regjeringa om oppretting av nødvendige nye studieplassar i 2023 for å kome i gang. Venstre vil vere ein pådrivar for at Vestlandslegen kan starte opp - dette er framtida for å auke rekrutteringa til legeyrket i Sogn og Fjordane.

Alfred Bjørlo
Stortingsrepresentant for Venstre