Sex er digg når begge har lyst

Vi må få ned valdtektstalla våre nå!


Ei av fem norske kvinner har blitt voldtatt. Og halvparten av desse var under 18 år når valdtekta skjedde. Berre 1 av 10 oppsøkte helsehjelp etter valdtekta. Dette er skrekkeleg høge tal, og noko som dessverre gir eit realistisk bilete av korleis det er å vere kvinne og jente i dag. Ni av ti som blir utsette for valdtekt, melder ikkje brotsverket. Åtte av ti valdtekter som blir anmelde, blir lagt vekk av politiet. Dette viser også at dagens lovverk i verdas beste land, ikkje er godt nok.

Mange har ei oppfatning av at valdtekt blir utført av ein framand mann på ein utestad eller i ei mørk gate. Dette er ein feil, då dei fleste valdtekter skjer i nære relasjonar, og offeret og gjerningsmannen har som regel kjennskap til kvarandre.

Det er viktig at vi får dette inn i seksualundervisninga som vi i dag formidlar til våre barn. Sex er digg, viss begge har lyst. Og ein skal ikkje ta ansvaret frå gjeningsmannen, sjølv om dette er kjærasten, ein god kompis, eller andre kjende. Sex utan samtykke, er valdtekt uavhengig av relasjon.

Ho gjorde ikkje motstand, så ho hadde sikkert lyst. Heile 70% av alle kvinner som blir voldtatte, stivnar (Ifølge en svensk studie). Det vil seie at musklane i kroppen bli paralyserte. Dette blir kalla «tonisk immobilitet» og er eit fysiologisk og psykologisk overlevinginstinkt som ein ikkje klarer å overstyre. Derfor er det viktig at vi i dagens lovverk ikkje antar at ei kvinne eller jente som ikkje gir fysisk motstand, ikkje seier nei til sex. 70% av kvinner stivnar under ein valdtekt.

Derfor må vi ha ei samtykkelov, som seier at all sex utan eit klart samtykke, er valdtekt, uavhengig av fysisk motstand. All sex skal vere frivillig. Er det ikkje frivillig, skal det vere ulovleg.

Raudt ønsker ei samtykkelov som skal sikre betre handtering av dei som blir utsette for valdtekt. Krav om samtykke er i tråd med internasjonal rett, FN sin kvinnekommisjon og krav frå kvinnebevegelsen.

Hedda Andrine Skår Indrebø
Raudt Høyanger