Velkommen ombord i OL-ferja!


– Vi må jo ikkje gå glipp av norske OL-medaljar, seier Monica Sunde Tjønnås og ler.

I salongen oppe på bilferja M/F «Stavanger» som trafikkerer Lavik–Oppedal er det høg stemning. I sørkoreanske PyeongChang har skiskyttar-gutane nettopp lagt av garde på 15 kilometer fellesstart, og dei som har samla seg rundt bordet er med og jublar dei fram.

– Vi må jo heie på medaljehåpa frå Sogn og Fjordane, seier Monica Sunde Tjønnås, som jobbar i kiosken ombord, til Ytre Sogn.

Det var Sunde Tjønnås som fekk idéen om å lage til den vesle OL-kroken, der ein no kan følgje med på OL-sendingane under den knapt 20 minuttar lange ferjeturen over Sognefjorden.

– Det var så enkelt som at eg ville sjå litt OL, også når eg var på jobb. Det var ikkje så vanskeleg å få dei andre med på. Men sidan vi ikkje har fjernsyn ombord, fekk eg kollega Morten Nordgulen – og minst like interessert i OL – til å reise heim til meg og hente eit som eg hadde ståande. Den vart kopla opp her, i salongen, og dermed var vi i gang, seier Sunde Tjønnås.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

Sveler inspirert av søndagens OL-øving.