Den vidaregåande skulen i Høyanger er ein av 24 som etter påske byrjar å masseteste elevar og lærarar for covid-19.

Utvidar masse­testinga til 24 skular etter påske

Etter påske kjem Vestland fylkeskommune til å utvide prosjektet med å masseteste elevar og tilsette for covid-19 til 24 skular, deriblant i Høyanger.


Frå før har fylkeskommunen gjort seg gode erfaringar i pilotprosjektet der Fyllingsdalen vgs og Askøy vgs er med. I dei siste to vekene har det på desse skulane blitt avlagt 2358 hurtigtestar, og heile 88 prosent av elevane har delteke frivillig. Ingen har vore smitta av viruset, sjølv om éin hurtigtest var positiv. 

Målet er å oppdage smitte tidleg, og dermed bidra til å halde skulane opne, opplyser Vestland fylkeskommune på heimesida si.

To gonger i veka 
I tillegg til Høyanger vidaregåande skule,  gjeld det fire andre iSogn og Fjordane; Eid vidaregåande skule, Firda vidaregåande skule, Sogndal vidaregåande skule og Stryn vidaregåande skule.

– Slik vi har innretta prosjektet no vil elever og tilsette vil bli tilbudt å teste seg to gonger i veka. Dersom det kjem sentrale retningslinjer for testing i skulane, kan dette endre seg. Etter mi vurdering er det svært gode tilbakemeldingar frå elevar og tilsette som har delteke i prosjektet. Blant anna blir det peika på at testinga skapar tryggleik i skule- og arbeidskvardagen. Vidare indikerer den høge deltaking på nesten 90 prosent og at oppslutninga har vore aukande gjennom oppstartsvekene på dei to pilotskulane at dette har vore vellukka, seier prosjektleiar Odd Bjarne Berdal. Han er til dagleg regionleiar i avdeling for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune.

Opnar for munnbind
Kunnskapsdepartementet tilrår no at skuleeigarane - som fylkeskommunen - kan i samråd med lokale helsemynde vurdere bruk av munnbind utanfor undervisninga som eit ekstra smitteverntiltak for elevar og tilsette. Dette kan gjelde til dømes i friminuttene og på veg til og frå timane.  

Dette tiltaket innfører Vestland fylkeskommune i sine vidaregåande skular frå 12. april.  

– Elevane og dei tilsette vil få utdelt munnbind på skulen, og skal ikkje betale for dette. Det er frivillig å bruke det. Sjølv om dei har munnbind på må dei framleis halde avstand og følge smittevernsreglane, seier opplæringsdirektør Bjørn Lyngedal.  

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.