Utteken til landslagssamling


Alexandra Sæle Sæbø (29) frå Høyanger er ein av ialt 30 spelarar som no er uttekne til landslagssamling i innebandy.

– Dette er første gong eg får sjansen til noko slikt, så klart at det er stas. Men det er litt skremmande også når eg ser på kven andre som skal dit. Mange av desse har lang erfaring i eliteserien, og har gjerne spelt innebandy frå dei var seks år, seier Alexandre Sæle Sæbø () til Ytre Sogn.

Samlinga skal vere i Fetsund, ikkje langt frå Oslo, 27. og 28.april.

– Eg er innstilt på å gjere mitt beste, og så får eg sjå kor langt det tek meg. Uansett så er dette verdifull erfaring for meg, seier ho samlings som også markerer starten på oppkøyringa til VM i desember. Den skal vere i Neuchatel i Sveits, og Norge er eit av 16 land som har kvalifisert seg.

– Men vegen dit er lang, og det er mykje som kan skje før det, understrekar ho.

Til vanleg spelar 29-åringen frå Høyanger på eliteserielaget Sveiva, som held til på Stovner i Oslo. Dei har ho teke både seriegull og cupsølv med, og Sæbø er ein av ialt fire spelarar på laget som no er uttekne til landslagssamling.

-Vi har sett ho i Sveiva dei siste par sesongane, og det er no siste sesongen at eg tykkjer at ho har teke eit bra steg framover, og blitt ein del av stammen på det som er eit veldig bra lag. Sveiva tok blant anna sølv i NM i år. Dermed har ho også blitt aktuell for landslaget, utifrå prestasjonane på klubblaget denne sesongen, seier landslagssef Øyvind Lunde-Bergsersen om uttaket av Alexandra Sæle Sæbø til den komande landslagssamlinga.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Alexandra Sæle Sæbø byrja å spele innebandy som 14-15-åring, heime i Høyanger. (Foto: Hege Aas/@hegeaas_photpgraphy)