Underteikna ny bankavtale


I førre veke underteikna Høyanger kommune avtalen med Sparebanken Sogn og Fjordane om å ha dei som hovudbank i tre nye år.

– Saman med Finansinnkjøp fann vi at tilbodet frå Sparebanken Sogn og Fjordane var det beste, og valde å inngå avtale med dei for tre nye år, seier rådmann Arve Varden i Høyanger kommune til Ytre Sogn.

Det er same banken dei har hatt avtale med dei siste fire åra. Avtalen er i utgangspunktet på tre år, med opsjon på forlenging i eit år til. Før det var Sparebanken Vest hovudbanken deira.

– Vi har vore veldig nøgd med samarbeidet vi har hatt dei siste åra. Dei har gode løysingar, blant anna når det gjeld kontanttenester. Så eg er glad for at vi no kan inngå ny avtale med dei, seier Varden.

Det var han og ordførar Petter Sortland som representerte kommunen då avtalen vart underteikna i kommunestyresalen på Høyanger rådhus sist torsdag.

Stor kunde

Frå Sparebanken Sogn og Fjordane stilte banksjef Roy Stian Farsund og avdelingsleiar Siv Elisabeth Bjørkehaug.

– Høyanger kommune er ein viktig kunde for oss, på ulike nivå. Forretningsmessig er dei også ein stor kunde, seier Farsund.

Kommunen sine bankinnskot svingar i takt med blant anna overføringar frå staten, forfallsdatoar på faktureringar og liknande, men det siste året har innskota vore mellom 20 og 50 millionar kroner.

– Men dei er også ein krevjande kunde, på ein god måte. Dei utfordrar oss og stiller krav til oss, noko som er med på å gjere oss betre, sa banksjefen og fortel om godt samarebid dei siste fire åra.

– Vi møtest på fleire arenaer, blant anna næringslivet sin, noko eg må berømme dei for. Dei følgjer opp bedrifter og næringar på ein god måte, sa banksjefen.