Undersøk om argumenta held


Som rimeleg er går mange av diskusjonsprogramma på TV for tida på energi. Flinke folk framfører argument som er finpussa og innøvde på førehand. Men altfor sjeldan styrer programleiar slik at argumenta vert utsette for ei grundig sakleg vurdering. Denne gongen vel eg ut eit par av argumenta vi møter.

EU treng meir energi.  Noreg må hjelpe EU. På eit år brukar EU 20.000 TWh ( ein terrawatt-time er ein milliard kilowatt-timar). 3.500 TWh av desse 20.000 er elektrisitet. Eksporten av vasskraft frå Noreg er 15-20 TWh. Altså 20 av 3500; det er  ein halv prosent.  For EU betyr altså vår eksport av energi frå vasskraft lite.

Stortinget vedtok i mars 2018 å melde Noreg inn i EU sin tredje energi-marknads-pakke.  Pakken krev at energi skal kunne krysse statsgrenser utan at statar skal påvirke kryssinga, altså fri flyt. Vedtaket vart  gjort med røystene frå Ap, Høgre, Frp, Venstre og Miljøpartiet De Grønne. Noreg, og andre straumprodusentar, er pliktige til å selje krafta si gjennom kraftbørsen Nordpool. Kvar dag ser Nordpol kor mange som vil selje og kor mykje, og kor  mange som vil kjøpe, og kor mykje. Ut frå det fastset Nordpool straumprisen dag for dag. Dei har også timesprisar.

Noreg produserer 1 kwh med vasskraft for om lag 15 øre. Det er dei store økonomiane som avgjer kva pris Nordpool set. Prisnivået i til dømes Storbritannia og Tyskland ligg langt over kostnaden med å produsere vasskraft i Noreg. Når vi skal kjøpe straum gjennom Nordpool, kostar den fleire kroner.

Noreg eksporterer 1100 TWh gass og nesten like mye olje. Vår eksport av gass og olje er altså mykje viktigare for EU enn energi produsert av vasskraft, 20 TWh. 

I Noreg har vi eit godt system av dammar som skal brukast slik at vi til ei kvar tid har nok vatn på lager til å takle varierande nedbør og andre variasjonar. Mange av dammane skal vere styrde med eit tidsperspektiv på fleire år. Kraftunderskotet vi no opplever i sør-Noreg skuldast først og fremst for stor eksport, så stor at også fleirårsdammar held på å gå turre. EU sin tredje energipakke gjer det vanskeleg, ja rett og slett ulovleg, å styre kor mykje som vert eksportert. Her ser vi bukken og havresekken; Dei som står på for å redusere damfyllingane langt meir enn forsvarleg er, dei får ekstra store overskot med dei auka prisane dei sjølve har lagt til rette for.

Situasjonen no skrik etter statleg styring, men EØS-avtalen blokkerer denne styringa. Undersøkingar syner tydeleg at folk ikkje lenger vil finne seg i denne vanstyringa, som er innretta på å gje dei som eig straumproduksjon kolossale profittar. Og der staten er den største profitøren. Motstanden i folket mot nye kablar, i praksis eksportkablar, har vakse seg kjempestor. Denne motstanden vert av nokre omtala som ei form for egoisme. Vi i Noreg må først og fremst tenkje på oss sjølve. Men som tala fortel forsyner vi EU med store mengder energi, mest gass og olje, men også vasskraft. Det vert hevda at Noreg har streng regulering av vasskraftproduksjonen. Korleis i all verda har Statkraft og andre produsentar klart å tøme fleirårsmagasin langt ut over det forsvarlege dersom dei har vore strengt regulerte? Vi har ikkje underskot på vatn i Noreg med ei forsvarleg  forvaltning av vatnet vårt. Underskot får vi når dei som tener grovt på at straumprisen vert manipulert over alle støvleskaft, styrer nedtappinga av vasslagra våre, dammane våre.

Ei grunnleggjande forståing må vere grunnlaget vi handlar ut i frå.; Den norske energikrisa er menneskeskapt! Og det betyr at menneska i Noreg kan gjere noko med krisa.

Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar