Tunnelarbeid utsett til hausten


Etter planen skulle elektroarbeidet i Vadheimstunnelen ha starta opp igjen i april-mai, men det er no utsett.


- Det er ulike årsaker til. Vi hadde overføringa av fylkesvegane frå Statens vegvesen til Vestland fylkeskommune på nyåret, med endringane det medførte, blant anna når det gjaldt prosjektorganisasjon. Så fekk vi koronakrisa med utfordringane det medførte, seier Svein Rune Vie ved avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune til Ytre Sogn.


Konkurransegrunnlaget er imidlertid klart, og han håpar at det kan lysast ut i løpet av mai.


- Så blir det opp til dei som får tilbodet når dei kan starte opp. Men i løpet av hausten vil det nok skje. Arbeidet vil nok ta sju-åtte månader, inkludert testing. Det betyr i så fall at det kan vere ferdig neste vår, seier Vie.