(Foto: Vest politidistrikt)

Trailer har velta på E39

Skrevet av May Britt Eide
07.09.2021 13:44 - OPPDATERT 07.09.2021 15:44

Klokka 13.10 vart det meldt at ein trailer har velta på E39 fem kilometer frå Lavik ferjekai, ved Helvikneset.

Bilen ligg på venstre side av vegen.

Vest politidistrikt opplyser at sjåføren er frakta til sjukehus i Førde for sjekk. Han er vaken og medviten.

Bilen er lasta med frosen laks, men den skal ikkje ha ramla ut, opplyser dei.

Det er manuell dirigering forbi ulykkesstaden, melder politiet i 14.30-tida.

– Ein kan ikkje opne vegen heilt før vegen er kosta, ettersom det ligg ein del jord i vegbana.

Det er ikkje klart når bilberginga kan skje. 




Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.