Trafikkulykke i Balestrand


Like før klokka 19.30 søndag kveld melder Vest politidistrikt om ei trafikkulykke på fv 5,5 ved Thue i Balestrand.

Ein bil med fem personar har køyrt av vegen og blitt liggjande på eine sida.

Alle fem er ute av bilen, nokre av dei har smerter, opplyser politiet på Twitter.

Føraren melde sjølv ifrå om ulykka.

Det skal vere svært glatt i området.  

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.