Laurdag møttes lag og organisasjonar på Kyrkjebø for å syne kva dei kan tilby av fritidsaktivitetar. Om lag 100 personar var innom dørene på ein sjeldan solrik dag. Dette var den lokale markeringa av «Frivillighetens år 2022», forankra i regjeringa si «Frivillighetsmelding».