Tommy (48) skal vere med og fylle industrilokale med ny aktivitet


I Høyanger står for tida industrilokale på tilsaman 30 000 kvadratmeter ledige. Tommy Ølmheim skal no jobbe med å fylle dei med ny aktivitet.

Denne veka byrja han i det som er ei nyoppretta, treårig stilling hos Høyanger Næringsutvikling, (HNU), som forretningsutviklar. 



I alt 15 personar søkte på den. 



- Mykje av tida vil bli brukt til å få inn nye leigetakarar og bedrifter i dei ledige industrilokala til Leira Næringspark og Høyanger Industripark. Tilsaman er det snakk om 30 000 kvadratmeter som skal fyllast opp med ny aktivitet. Så det er ein utfordrande, men også spennande jobb, seier Tommy Ølmheim (48) til Ytre Sogn



Sjølv var han inntil nyleg fabrikksjef for Nyrstar, der ein sidan i fjor haust har jobba med å kome i gang med ny produksjon.



- Det er jo mykje av det eg jobba med dei siste månadene eg var på Nyrstar, som eg skal jobbe med no, berre at det gjeld fleire lokale. Det var også ein av grunnane til at eg søkte på denne stillinga, seier Ølmheim, som er fødd og oppvaksen i Høyanger.



- Så det å kunne vere med og bidra til ny aktivt i heimbygda er motivasjon i seg sjølv.

Eigentleg hadde han takka ja til å bli leiar for Sogn og Fjordane-kontoret til Ramirent. Men valde altså bort den, til fordel for jobben i heimbygda.

Mange fordelar


Og han meiner at Høyanger har mange fordelar som vertskap for nye bedrifter som vil etablere seg.



- Forutan lokale, har vi tilgang på kraft, nærleik til hamn, mykje industrikompetanse og kultur for å jobbe skift. Vi har også ein velutvikla leverandørindustri, seier Ølmheim.



Han har sjølv vore innom fleire av dei store industribedriftene i tettstaden, blant anna som avdelingsleiar på Fundo og plassjef hos SafeClean.



- Vi følte at han var rette personaen til den nyoppretta stillinga, både på grunn av relevant yrkesbakgrunn og det breie nettverket sitt, ikkje berre lokalt, men også regionalt og nasjonalt, seier næringssjef Terje Søreide om tilsettinga av Ølmheim i stillinga som forretningsutviklar.




- Så er det heller ikkje nokon bakdel at han er lokal, og kjenner næringslivet godt, legg han til.

Les meir i neste Ytre Sogn!