Tok sin 8. NM-tittel i biljard


Med det som er hans åttande NM-gull er Gard Eiken Flage no mestvinnande i biljardklubben i Hyllestad.

Under junior-NM i biljard i Fredrikstad vart det gull i disiplinen 14.1 i klassen U19 laurdag. Dagen etter vart det bronse i 9-ball.

– Eg hadde som mål å ta gull i begge disiplinar. Men då eg ikkje greidde det i 9-ball er det kjekt at det vart Stein Tore (Nybakk, red. mrk) som tok det. Det er første NM-gullet hans, etter å ha vore nær fleire gonger. Så det fortente han verkeleg, seier Gard Eiken Flage (17) frå Hyllestad IL-BG til Ytre Sogn.

I finalen i 14.1 laurdag møtte han Ole Tobias Gangfløt frå Fredrikstad BK. Og den var av det dramatiske slaget. Gangfløt hadde nemleg overtaket gjennom kampen og leia på eit tidspunkt 73-51. Men Flage gredde å snu det, og vann til slutt 73-75. Les meir i Ytre Sogn tysdag!